MENY

Dans på Blix hotell

Vossa Rebels spelar på Blix Hotell.

Tidspunkt: 13. august 2022, 22:00

Vossa Rebbels spelar på Blix Hotell, dørene opnar klokka 22:00

Pris: 200,-

Kjøper ein billett for 300,- har ein både til utekonsert ved Kristianhus klokka 19:00 og dans på Blix Hotell. Klikk på lenkje under for bestille billett.


The Vossa Rebels er eit rockabillyband frå Voss, beståande av Sondre Hegg på gitar/vokal, Eivind Dæmring Styve på trommer og Sondre Dæmring Styve på kontrabass. Berre namnet The Vossa Rebels, indikerar at her har vi med det rocka og rebelske 50-talet å gjere. Tida då brylcrèm og kast i bukser, eggande hoftebevegelsar og fuzz-pedalen gjorde foreldre- og besteforeldregenerasjonen til ei særs frustrert forsamling.

Rockabilly var eit 50-tals-fenomen, som blanda country, blues og hillbilly til ein heilt ny sjanger. Instrumentert med ståbass, orkestergitar og slagverk, fekk ein fram ein sound som både var unik, fengande og ny. Kven hugsar vel ikkje Bill Haley & His Comets med ”Rock around the clock”?

The Vossa Rebels har fått vere med på mykje moro sidan starten i 2010. Dei har delteke på Ungdommens Kulturmønstring 3 gangar, dei har spelt på Ekstremsportveko på Voss, på Osfest, Landskyttarstemner, Øya – og ikkje minst, dei var deltakarar i Norske Talenter i 2014.



Ekstern: norskbringebaerfestival.ticketco.events/no/en/e/vossa_rebels
Lat att