MENY

Kaptein Krill

Sjørøvar besøk - Strandparken/Kristianhus (Cirka tidspunkt)

Tidspunkt: 13. august 2022, 14:00

Kaptein Krill kjem til festivalen og vil stå for underhaldning og skattejakt. Tidspunkt er etter at Vått , Rått og Røft er gjennomført og tidspunkt kan difor variere litt. Tidspunkt vert ein gang mellom 14:00 og 15:00.

Møte opp på Vått, Rått og Røft, så får ein også møte Kaptein Krill.

Kaptein Krill er klar for å skape spenning for dei yngste, han er ein rettskaffen pirat som blant anna redde piratdronning Belit ifra Den vonde kongen. Kaptein Krill har forskjellige typar drama leikar (skattejakt) og show.

Etterpå showet kan Kaptein Krill lage ansiktsmåling på ermane til borna, og kvart born kan få sitte på den tøffe dragestolen, til Kaptein Krill. Det blir også sal av Krill krus og ikkje minst ein rykande fersk teikneserie mynta på born i alle aldrar.

Ein kan her sjå den nyleg lanserte songen til Katein Krill, "Langt ut på havet".


Lat att

Kaptein Krill: Langt ut på havet