Me arrangerer for 3. gong Rått, Vått og Røft, ein lagkonkurranse som hovudsakleg er i vatnet, og finne stad på Vikøyri i strandområdet ved strandpromenaden og stupetårnet.
Me utfordrar lag, bedrifter, familiar og vennegjengar til å stille lag, til ein uhøgtideleg konkurranse i vatnet. Høver for personar i alle aldrar, f.o.m. 12 år. Einaste krav er at ein er symjedyktig.
Sogn Sparebank har sett opp vandrepokal, som blir til odel og eige for det laget som oppnår 3 napp i pokalen. Sognabær har allereie 2 napp, kan nokon stoppe dei frå å få napp nr 3, og pokalen til odel og eige?
Saml saman 5 personar og meld dykk på innan fredag 12 august, dette blir gøy :)
Det blir Caps og fribillett til utekonserten med Rene Haugen og The Vossa Rebels til alle deltakarar.
I tillegg premie til beste lag.
For påmelding eller informasjon, kontakt: Geir Johansen via epost eller telefon: 922 62 427.