MENY

Utekonsert med The Vossa Rebels og Rene Haugen

Vorspiel, utanfor Kristianhus. Aktivitets sponsor: Hagebutikken AS

Tidspunkt: 13. august 2022, 19:00

Endeleg kan me møtast at til festleg lag, håpar me i alle fall, og me har invitert The Vossa Rebels til å spele opp til ny utekonsert ved Kristianhus.

Her lovar me hæla i taket, og spreke 60-tals rytmar frå Vossingane. Konserten startar med oppvarming frå kl. 19:00, Øltelt og alt tilrettelagt for god stemning. Sal av handmat frå Vikja.

The Vossa Rebels kjem på scena ca. Kl. 21.00, og for dei som vil, fortset festen på Blix hotell etter konserten.

Pris for utekonsert er 200,-, men ein kan også kjøpe billett for 300,- som gjeld for både utekonsert og konsert på Blix Hotell, seinare på kvelden. Klikk på lenkja under for å bestille billett.

The Vossa Rebels er eit rockabillyband frå Voss, beståande av Sondre Hegg på gitar/vokal, Eivind Dæmring Styve på trommer og Sondre Dæmring Styve på kontrabass. Berre namnet The Vossa Rebels, indikerar at her har vi med det rocka og rebelske 50-talet å gjere. Tida då brylcrèm og kast i bukser, eggande hoftebevegelsar og fuzz-pedalen gjorde foreldre- og besteforeldregenerasjonen til ei særs frustrert forsamling.

Rockabilly var eit 50-tals-fenomen, som blanda country, blues og hillbilly til ein heilt ny sjanger. Instrumentert med ståbass, orkestergitar og slagverk, fekk ein fram ein sound som både var unik, fengande og ny. Kven hugsar vel ikkje Bill Haley & His Comets med ”Rock around the clock”?

The Vossa Rebels har fått vere med på mykje moro sidan starten i 2010. Dei har delteke på Ungdommens Kulturmønstring 3 gangar, dei har spelt på Ekstremsportveko på Voss, på Osfest, Landskyttarstemner, Øya – og ikkje minst, dei var deltakarar i Norske Talenter i 2014.

Rene Haugen er ein lokal kjendis frå Vik, busett i Førde. Rene Anthony Ekroll Haugen har mange talenter, han har eit stort talent som artist og låtskrivar, og er vel kjend i Vik frå Duoen Visjon Tyleprat. Rene lovar eit allsidig show frå Scena.

Ingen aldersgrense, kun aldersgrense i avgrensa område der det vert seld alkohol.



Ekstern: ticketco.events
Lat att