Norsk Bringebærfestival er eit samarbeidsprosjekt mellom frukt- og bærmottaka i Vik kommune, med mange gode støttespelarar frå næringslivet, Vik kommune, Vik næringssamskipnad, Sogn Sparebank, lag og organisasjonar.
Festivalen starta i 2014, er ikkje-kommersiell og har fokus på kortreiste matvarer og aktivitetar for barn og unge. Overskotet av kvart arrangement går til lag og organisasjonar.
Her er ei oversikt over alle arrangementa i årets festival. Klikk på aktivitet for informasjon og påmelding.
I løpet av festivalen vert det musikk og underhaldning med lokale musikarar på gater og torg.
Gjer merksam på at tidspunkta kan variere noko, frå den oppsette tabellen og er cirka tidspunkt.
Lokale verksemder som tilbyr mat, overnatting og mykje anna.
Takk, til næringslivet i Vik for godt samarbeid og sponsing.
Me vil spesielt takke Vik kommune og Sogn Sparebank for gåver til Bringebærfestivalen.